Marius Asp - Marius Asp i Lydverket meiner Bieber-arrangørar legg til rette for svartebørshandel.

Marius Asp i Lydverket meiner Bieber-arrangørar legg til rette for svartebørshandel.

Måndag morgon fekk medlemmer av fanklubben Bieber Fever sjansen til å kjøpa billettar til Justin Bieber-konsertane 16. og 17. april til neste år.

I dag la Rimi ut kupongar som gjev rett til å kjøpa billettar, og i morgon gjev arrangøren Atomic Soul mottakarane av nyheitsbrevet deira sjansen til å kjøpa billettar. Det ordinære salet startar først på torsdag.

– Det ligg ein kynisme i å legga ut billettane fire omgangar. Arrangøren spekulerer i publikum sin frykt for å ikkje få tak i billett. Dette legg til rette for svartebørssal, seier Marius Asp, vaktsjef i NRK Lydverket.

Tener 1600 kroner på billettsal

Nrk.no har vore i kontakt med fleire som sel billettar til det dobbelte av utsalspris, sjølv om billettane er langt i frå utseld.

Ei 18 år gamal jente som har vidareseld to billettar til Bieber-konserten med ei forteneste på 1600 kroner.

– Det er nok mange som hadde teke mykje meir enn meg, seier jenta, som selde billettane til to venninner.

Dei billigaste konsertbillettane kostar frå 530 kroner, dei beste billettane nærast scena blir kalla Golden Circle og Diamond Circle, og kostar opp mot 1345 kroner.

18-åringen seier at all usikkerheita rundt dei ulike forhåndssala gjer at folk kjøper dei beste billettane på svartebørsen, framfor å venta til det ordinære salet på torsdag.

– Alle eg kjenner, vil ha dei beste billettane, seier ho.

Stressa på Facebook

Praksisen med ulike forhåndsal skaper nærast hysteriske tilstander blant Bieber-fans på sosiale medier.

På sida Justin Bieber til Telenor Arena får nokre av fansen ut sin frustrasjon:

"Er det sånn at det er helt utsolgt for alle billetter nå? Eller er det fortsatt billetter igjen i alle kategorier til forhåndssalget i morgen OG det orginale salget på torsdag?! Trenger svar, sykt stressa"

"Serriøst?! Det blir jo bare helt kaos!"

Sjå deler av Justin Bieber sin konsert på operataket her:

Se utdrag fra Justin Biebers konsert ved Operaen onsdag 30. mai.

Justin Bieber-konsert ved Operaen

«Blir svartebørs uansett»

Peer Osmundsvaag i Atomic Soul meiner dei reduserer svartebørshandelen ved å legga ut billettane i fire omgangar.

– På ein konsert som dette blir det svartebørs uansett. Ved å selja billettar i fire omgangar får folk fleire mogelegheiter til å kjøpa billettar, seier Osmundsvaag.

Flesteparten av dei 42 000 Bieber-billettane blir lagt ut for sal på torsdag, men Osmundsvaag vil ikkje kommentere kor mange som alt er seld under forhåndssalet.

– Eg kan lova ein stor del av dei beste billettane til å bli lagt ut på torsdag. Det stemmer ikkje at me sel ut dei beste billettane først. Dette har me kommunisert så godt som mogeleg, seier Osmundsvaag.

Livsviktig popmusikk

Marius Asp i Lydverket seier det blir meir vanleg å legga ut billettar for sal i fleire omgangar.

– Slik får dei ein gimmick ut av konserten, og gjer den litt større enn den er. Ikkje alle artistar kan gjere dette, men Justin Bieber har eit jerngrep på publikum. Det er eigentleg morosamt å sjå at popmusikk kan vera så livsviktig, også i 2012, seier Asp.