Innbyggjarar i landsbyar nord i Libanon seier det vart skote mot dei i fire-fem timar natt til tysdag, og at det har vore sporadisk skyting og bombing i området i fleire dagar.

Ein libanesisk mann vart drepen av granatelden tysdag, medan to syrarar busett i Libanon vart drepne då bilen dei prøvde å flykte i vart treft.

Det er andre gongen på tre dagar at syriske granatar tek liv i Libanon. I helga vart tre personar drepne av rakettar og artillerield.

Syriske styrkar har fleire gonger avfyrt eld over grensa til Libanon. Måndag vedtok den libanesiske regjeringa å styrkje hæren langs grensa til Syria på grunn av den aukande valden.

(NPK)