Skodespelaren Ernest Borgnine er død

Den amerikanske skodespelaren Ernest Borgnine er død, 95 år gammal, melder nyheitsbyrået AP.

 Ernest Borgnine er død.

Arkivbilete av Ernest Borgnine frå 2008. Her viser han fra ein Golde Blobe- og ein Oscar-statuett.

Foto: Ric Francis / Ap
Ernest og Tova Borgnine i eit arkivfoto frå 11. oktober 2010.

Ernest og Tova Borgnine fotograferte i oktober 2010.

Foto: Matt Sayles / Ap

Ernest Borgnine var fødd Ermes Effron Borgnino 24. januar 1917 i Hamden i Connecticut i USA. Han vann ein Oscar for rolla si som Marty Piletti i filmen «Marty» i 1955. Han har ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Han gifte seg med norskfødde Tova Træsnæs i 1973, og ho var den femte kona hans, ifølgje Store Norske Leksikon, snl.no/Ernest_Borgnine.

Tova Træsnæs Borgnine (70) grunnla kosmetikkselskapet «Beauty by Tova», ifølgje Wikipedia.

Borgnine tenestegjorde i mange år i marinen før han byrja på teaterskule, og han vart lagt merke til då han debuterte på Broadway i 1947. Han filmdebuterte i 1951, og etter gjennombrotet som den vonde sersjanten i «Herfra til evigheten», gjorde han gode skurkeroller i «Johnny Guitar» i 1954 og «Bad Day at Black Rock».

Seinare har han spelt folkelege og tidsvis brutalefigurar i filmar som «Vera Cruz», «The Dirty Dozen» og «The Wild Bunch». Han har også spelt i fleire fjernsynsseriar. For norske seere huskes han kanskje best fra serien «Airwolf».