Sanne Bak Pedersen (25) kjem frå den danske klubben SK Århus og har fleire kampar for det danske landslaget.

– Dette er ein etablert spelar og god venstrekant, som vi har hatt i kikkerten ei stund, og som vi er veldig nøgd med å sikre oss, seier trenar Peder Langfeldt til fvn.no.

– Det vil styrkje oss veldig med ein reindyrka venstrekant, som vi har mangla sidan Janicke Ropstad vart skada, seier Langfeldt.

Bak Pedersen har også ei fortid i Viborg.